Stryn
Hoteller | Ferieparker | Lodger | Villaer |
Få stadar er naturen meir variert og opplevingane så mangfoldige som i Stryn og Nordfjord. Breane, fjorden, havet og fjella er vertskap for noko av det flottaste norsk natur har å by på. Her finn du skiterreng i verdsklasse og flotte anlegg med oppkøyrde løyper i vakker og spektakulær vestlandsnatur. På Stad er ofte surfebølgene på sitt beste på denne tida. Bli med høgt over fjorden, omgitt av spektakulær fjell og Jostedalsbreen Nasjonalpark. Via Ferrata Loen tek deg til 1010 m.o.h. Utsikta er ufatteleg. Stryn Sommerski gjev deg ei anleis sommaroppleving i imponerande Vestlandsnatur. Stryn Sommerski passar for alle som ynskjer ei skioppleving om sommaren enten du er ein barnefamilie, ynskjer å køyre terrengpark eller frikøyring. Strynefjellet er staden for off piste, og kan by på mange gode toppturmoglegheiter.